Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 30.03.2020 kl. 11.50

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 30.03.2020 kl. 08.00. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn smittestatus som pr. 30.03. er  slik: Av 17 som totalt er testa. Er 16 av desse prøvene negative, og pr. dd er det ingen smitta i Valle kommune.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen er forlenga til måndag 13.04.2020.

Nytt tiltak: Alle kommunale bygg er stengt for all verksemd med unntak av kyrkjestoga. Dersom ein skal låne kyrkjestoga venter vi at nasjonale føringar vert fulgt og at ein ikkje er meir enn 5 personar til stade.

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Grunnskuleopplæring for vaksne

Alle vaksne som av ein eller annan grunn manglar grunnskuleopplæring, har rett til å få gratis opplæring.

Tenesteomtale

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt. Det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med born og unge.

Pris for tenesta

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt opplæringslova § 4A-1 Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Opplæringslova

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggje tilbodet. Dette inneber at du må akseptere at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet blir etablert.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker fra du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og hvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 19:04