Du er her: Oppvekst > Heim
Første klasse Valle skule

5 stolte 1. klassinger ved skulestart i Valle

Måndag 20.august var nok ein ekstra spennande morgon for desse 5 elevane. Første dag på skulen, med ny sekk, penalhus og nista på plass var dei klare for nye oppdagingar. Vi er veldig stolte av denne gjengen og skal gjere alt for at dei og foreldre kjem til å trivast på Valle skule

2018-08-27
Skolebuss

Trafikk-Valle skule.

Skulestart betyr at det er mange mjuke trafikantar langs skulevegen frå idag og vidare gjennom skuleåret.Vi er heldige som har sykkelsti frå Valle sentrum og til skulen, men likevel er det fleire punkt ein skal passe ekstra på som bilførar. Svingen ved kyrkja og busshaldeplassen ved SFO er 2 punkt.
2018-08-20
Blyanter_kartlegging

Velkomen til nytt skuleår.

Måndag 20 august kl 08:30 startar vi nytt skuleår med nye undervisningstidar og tider for skuleskyss. Alle heimane vil få tilsendt foreldrehefte på e-post og vi ber alle om å gjere seg kjent i heftet og på denne nettsida.
2018-08-13
Skolebuss

Skuleskyss- nye tider

I samband med overgang til 60 min timar, endrar skuleskysstidene seg.  
2018-08-13
SFO Valle skule

Informasjon om skuleåret 2018-2019.

Skulane i Valle går frå 45 min undervisningstimar til 60 min. frå skulestart og endrar av den grunn undervisningstidane.  
2018-06-15
vennskap

Måndag 20 august er det skulestar for Valle skule

Skulestart hausten 2018.

Skulen og skulefritidsordninga har planlegginsdagar onsdag 15 august, torsdag 16 august og fredag 17 august. SFO er då stengt. Måndag 20 august startar vi opp skuleåret kl 08.30. Inntil då- god sommarferie:)
2018-06-04
Grillfest

FAU og skulen inviterar alle til sommarfest i skulegarden

Sommarfest

Onsdag 13 juni ønskjer vi alle velkomne til sommarfest i skulegarden. Det blir ei uhøgtidlege avslutning for skuleåret 2017-2018 med grilling, aktivitetar og eit lite program frå trappa. Vi startar opp grillane kl 16.00 så denne dagen kan du ta middagen ute saman med andre elevar og foreldre. Skulen og FAU held g...
2018-06-04
Roald Dahl

Elevane på Valle skule er ivrige lesarar og idag er det bokfest!

Bokfest

Hausten 2017 har Valle skule hatt fokus på lesing og aktivt bruk av skulebiblioteket med mål om å auke lesegleda og lesekompetansen.
2018-01-24
Joleferie

Joleferie

20 desember er siste skuledag før jol og Valle skule avslutter dagen med graufest i Storstoga.
2017-12-19
Meld fra om læringsmiljøet

Nytt regelverk- nulltoleranse mot mobbing.

Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skolemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skolemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skolen, som er avgjerande.  
2017-09-04
Nasjonale prøver Valle skule

Oversikt over nasjonal kartlegging av elevar på 1-10 trinn.

Informasjon om kartlegging av elevar på alle trinn. Skulen gir ikkje permisjon frå opplæringa i kartleggingsperiodane.
2017-08-30
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS