Du er her: Oppvekst > Heim
SFO Valle skule

Nye SFO- Valle skule

I samband med samaslåing av grunnskulane i Valle vil vi frå hausten ha ei SFO avdeling for elevar i 1-4 klasse. SFO skal halde til i Setesdal Folkehøgskule sine tidlegare bygg i enden av skulegarden. Bygget er renovert og er klart for å ta imot alle som skal vere med i skulefritidsordninga.

Skulefritidsordninga er elevane si fritid og vi legg vekt på at det skal vere eit variert tilbod med aktivitetar. Det er ei glede å endeleg få eit eigna lokale som er lyst og triveleg for store og små. Det er parkering ved hovudinngongen slik at foreldre kan vere med barna inn ved levering og henting. Då får ein tid til ein prat med dei tilsette og borna tykkjer ofte det er stats å syne kva dei har gjort etter skuletid. 

Å møte foreldre gir og høve til å gje informasjon som er naudsynt for trivsel og tryggleik.

I det nye SFO bygget vil borna ha inngong frå utearealet og direkte i garderoben før dei går vidare til stoge, leikerom eller matsalen. I starten er det ikkje sikkert at alt er på plass men vi vil freiste å gjere mest mogeleg ferdig slik at alle tykkjer at det blir ein god start.

Måltda skjer i fellesskap i matsalen og vi legg opp til Vennskapskafe som før.

Fagleiar for SFO er Ingunn A Bratteland og ho har ansvar for dagleg drift og informasjon.

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS