Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 30.03.2020 kl. 11.50

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 30.03.2020 kl. 08.00. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn smittestatus som pr. 30.03. er  slik: Av 17 som totalt er testa. Er 16 av desse prøvene negative, og pr. dd er det ingen smitta i Valle kommune.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen er forlenga til måndag 13.04.2020.

Nytt tiltak: Alle kommunale bygg er stengt for all verksemd med unntak av kyrkjestoga. Dersom ein skal låne kyrkjestoga venter vi at nasjonale føringar vert fulgt og at ein ikkje er meir enn 5 personar til stade.

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Vaktmeister - ambulerande

Vaktmeisteren er del av heimetenesta til kommunen og hjelper eldre og funksjonshemma med reparasjonar og vedlikehald.

Tenesteomtale

Vaktmeisteren kan komme heim til deg og hjelpe til med enkle, praktiske gjeremål, slik som mindre reparasjonar og vedlikehaldsarbeid. Du treng kanskje hjelp til å montere eller fjerne eit tekniske hjelpemiddel eller få installert ein tryggingsalarm.

Målgruppe

Du er eldre eller funksjonshemma og bur heime

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om vaktmeisterteneste, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 18:29