Retningslinjer for tildeling

1. Valle kommune kan dele ut utviklingsstipend til unge talent innafor idrett og kultur på
a. totalt inntil kr 150 000 kvart år. Fordelinga skal i utgangspunktet vere slik, med høve til justeringar ved oversøking til ei av ordningane og undersøking til den andre: 
b. idrett: inntil kr 75 000 
c. kultur: inntil kr 75 000. 

2. I aldersgruppa 13-15 år skal maksimumsbeløp pr utøvar vere kr 20 000, minimumsbeløp kr 10 000. 
a. I aldersgruppa 16-21 år skal maksimumsbeløp pr utøvar vere kr 30 000, minimumsbeløp kr 15 000. 
b. Maksimumsbeløp kan i særlege tilfelle justerast, til dømes ved deltaking på nasjonalt/internasjonalt nivå. 

3. Stipend kan i særskilte tilfelle tildelast lag/grupper. 

4. Utøvarar i alderen 13-15 kan søkje sjølve, eller andre (trenar, instruktør eller annan person som representerer utøvaren) kan søkje på vegner av utøvaren, i samråd med vedkomande. Utøvarar i alderen 16-21 må søkje sjølve. 

5. Med idrett forstår ein idrettsgreiner som er godkjende av Norges idrettsforbund. 
a. Innafor idrett skal følgjande kriterium gjelde: 
i. at vedkomande er heimehøyrande i Valle kommune 
ii. deltaking og resultat i større meisterskap, minimum på kretsnivå 
iii. kortsiktige og langsiktige målsettingar.
b. Spesielt vil det bli lagt vekt på å gi større beløp til utøvarar som har realistiske ambisjonar om å nå nasjonalt toppnivå, og til utøvarar som førebur seg til nasjonale og internasjonale meisterskap. 
c. Valle idrettsråd skal uttale seg, eventuelt i samråd med aktuelt fagmiljø.

6. Idrettsutøvaren underteiknar ei eigenerklæring, der det går fram at utøvaren er innforstått med at det er ein føresetnad for tildeling av stipendmidla at utøvaren opptrer i tråd med formålet og kjerneverdiane til NIF, og ikkje har brukt eller vil bruke doping. 

7. Med kultur forstår ein musikk, dans, scenekunst, kunst og skrivekunst. 
a. Innafor kultur skal følgjande kriterium gjelde:
i. at vedkomande er heimehøyrande i Valle kommune 
ii. kortsiktige og langsiktige målsettingar.
b. Spesielt vil det bli lagt vekt på å gi større beløp til utøvarar som har realistiske ambisjonar om å nå nasjonalt toppnivå. 
c. Det kan tildelast studie-/arbeidsstipend til tidsbegrensa prosjekt. 
d. Leiar Kultur og fritid skal uttale seg, eventuelt i samråd med aktuelle fagpersonar innafor det aktuelle kulturfeltet. 

8. Ved søknad må søkjaren fylle ut elektronisk søknadsskjema. I søknaden må vedkomande informasjon om seg sjølv, trenings-/øvingsfrekvens og aktivitetsnivå, oppnådde resultat, kortsiktige og langsiktige mål og stipulerte kostnader/kva konkret stipendet skal brukast til. Det må leverast rapport over bruk av midla innan 1 år (standard elektronisk rapportskjema). 

9. Same utøvar kan få tildelt stipend fleire gongar. 

10. Søknadsfrist er 1.mars ( i 2018 1. april) og stipenda skal delast ut under det offisielle 17.maiarrangementet i Valle kommune.